45.774 personar døydde i Noreg i fjor. Ikkje sidan 1993 har talet på dødsfall i Noreg vore så høgt. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Mange dødsfall i Noreg i fjor – høgaste talet på nesten 30 år

45.774 personar døydde i Noreg i fjor. Det er det høgaste talet dødsfall sidan 1993.

Tal P4 har henta frå Statistisk sentralbyrå viser at 45.774 personar døydde i Noreg i fjor.

Berre to gonger dei siste hundre åra har dødstalet for eitt år i Noreg vore høgare: i 1993 (46.597) og 1990 (46.021).

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei av forklaringane til dei høge tala er etterslep frå koronapandemien. I fjor vart det registrert 3.460 covid-19-assosierte dødsfall.

På grunn av at det under pandemien var låg dødelegheit av andre infeksjonssjukdommar, har Folkehelseinstituttet tidlegare uttalt at vi har fått forskove eller utsett ein del dødsfall. (©NPK)