Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. Foto: Jannica Luoto/Noregs Mållag.

Mållaget nøgd med nynorskprogrammet til Ap

– Partileiar Jonas Gahr Støre har lagt fram det som må vere eit historisk godt Ap-program for nynorsken, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

Arbeidarpartiet la fredag fram sitt første framlegg til nytt stortingsvalprogram. Her ønskjer partiet å gå til val på å styrkje nynorskkompetansen i lærarutdanningane, betre sidemålsundervisinga og sørgje for fleire digitale læremiddel på nynorsk. Dei er også positive til å greie ut retten til å gå i eigne nynorskklasser ut heile grunnskulen.

Der Ap dei siste vala knapt har hatt ei formulering om språkpolitikk eller nynorsk i programmet sitt, tek dei no til orde for fleire verkemiddel som vil betre stoda for nynorskelevane, meiner Mållaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)

Ap-leiar Jonas Gahr Støre.Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.