Assisterande Helsedirektør Espen Rostrup Nakstad fryktar dobbel belastning på helsevesenet i vinter. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

Luftvegsinfeksjonar kan føre til dobbel belastning for helsevesenet i haust- og vintersesongen

Det er ukjent korleis RS-virus og andre luftvegsinfeksjonar vil ramme helsevesenet i haust- og vintersesongen. Helsedirektoratet fryktar dobbel belastning.

Hausten og vinteren er høgsesong for luftvegsinfeksjonar, som til dømes influensa, kikhoste og RS-virus. I Sverige har det vore ein auke i påviste tilfelle av nettopp RS-virus, skriv Dagbladet.

RS-virus er ei forkorting for respiratorisk syncytial-virus, og er eit virus som gir luftvegsinfeksjon hos barn og vaksne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også i Noreg har dette vorte observert. Talet som fekk påvist smitte av RS-viruset, steig med nær 50 prosent frå veke 39 til 40.

Hos dei minste barna, særleg dei under eitt år, kan viruset føre til bronkiolitt, ein betennelse i nedre luftvegar som kan gi pustevanskar og behov for sjukehusinnlegging.

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad seier til Dagbladet at det allereie er mange innleggingar.

– Det kan bli eit etterslep i og med at småsøsken til dei aller minste kanskje ikkje har vore borte i dette viruset og derfor ikkje er immune. Ein kan få ei større spreiing i barnehagar enn det ein hadde elles, seier han, og understrekar at ein bør halde sjuke barn heime.

Også influensa har komme til landet. FHIs overvaking frå førre veke viser at influensaaktiviteten i Noreg framleis er svært låg, og ingen førebels er innlagt.

Nakstad seier problem oppstår viss det skulle bli stort behov for sjukehusbehandling av influensapasientar, samtidig som mange er innlagde med korona.

– Då kan det bli ei dobbel belastning på infeksjonsavdelingar, og ikkje minst på dei avdelingane som behandlar dei dårlegaste pasientane. Men vi veit ikkje korleis det blir. Eg trur nok norsk helseteneste førebur seg godt og følgjer veldig nøye med, seier han.

(©NPK)