Skiaktivitetar er det mange som set pris på i koronaperioden. Illustrasjonsfoto: Halvard Alvik/NTB/NPK.

Lokale skisenter har gode tider

Små skisenter tener godt på kulden og snøen denne vinteren. Dei store saknar alle utlendingane.

– Sesongen i år har vore heilt fantastisk! Vi har vore heldige med kulde, fått laga snø, og vi ser effekten av nedstenginga. Det har vore lite inneaktivitetar for barn og unge, og folk vil ut, seier Cato Vik, styremedlem i Sunnfjord skisenter til NRK.

Sunnfjord skisenter er ikkje åleine om å fryde seg over besøkstala. Over heile Sør-Noreg går anlegg bra. Ifølgje bransjeorganisasjonen Norske alpinanlegg og fjelldestinasjonar, er det eit oppsving av nordmenn som nyttar seg av skitilbod.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi ser at folk vil på ski. Særleg næranlegg, med kort veg til store byar eller som baserer seg på lokale gjestar, opplever veldig god trafikk, seier generalsekretær Camilla Sylling Clausen til NRK.

Organisasjonen merkar at spesielt mindre, ideelt drivne alpinanlegg har mykje aktivitet no, dersom dei får halde ope. Likevel er det ikkje alle skisenter som kan nyte godt av det kalde vêret, så lenge grensene er stengde.

– Det er dei større fjelldestinasjonane som baserer seg på utanlandsgjestar, som har det utfordrande, seier Clausen.

Store anlegg som Trysil, Hafjell og Hemsedal har vanlegvis opp til 80 prosent utanlandske gjester, og no kan dei ikkje rekne med besøkande utanom i helg og høgsesong som vinterferie og påske.

(©NPK)