Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) og kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) presenterte forslaget til rusreform 19. februar. Få støttar forslaget om avkriminalisering av narkotika, viser ei undersøking Sentio har utført for Klassekampen. Foto: Heiko Junge/NTB/NPK.

Lita støtte til rusreforma

Berre 22 prosent støttar fullt ut regjeringsforslaget som opnar for å ikkje straffeforfølgje bruk og innehav av mindre mengder narkotika, skriv Klassekampen.

Det berande elementet i rusreforma til regjeringa er avkriminalisering av mindre mengder narkotika til eige bruk. Straff som bøter og prikk på rullebladet skal erstattast med ein pålagd kommunal rådgivingstime og tilbod om helsehjelp.

Ei undersøking frå Sentio utført på vegner av Klassekampen viser at den nye ruspolitikken får lita oppslutning ute blant veljarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

I alt 1.007 deltok i undersøkinga, og berre 22 prosent av dei støttar regjeringsforslaget og meiner narkotikabruk bør avkriminaliserast for alle.

26 prosent meiner narkotikabruk bør avkriminaliserast for dei med rusproblem, men ikkje for resten, medan 37 prosent meiner narkotika framleis bør vere kriminalisert som i dag.

Det er blant personar under 30 år at støtta til avkriminalisering er størst (35 prosent), medan talet er 12 prosent for dei over 60 år. Folk på Sørlandet og i Nord-Noreg er mest kritisk til avkriminalisering.

(©NPK)