Mange småbruk står tomme og blir brukte som feriebustader. Illustrasjonsfoto: Kyrre Lien/NTB/NPK.

Leiar i Småbrukarlaget håper leigetakarar kan redde småbruk

Ifølgje SSB har sju småbruk gått ut av drift kvar dag dei siste femti åra i snitt, og 30.670 småbruk står til forfall. Så framt dei ikkje får buplikt på gardane, håper leiaren i Småbrukarlaget på at leigetakarar kan redde bruka.

– Vi er ei rik befolkning som har råd til å behalde dei. Og så sit det langt inn i sjela og ryggmergen, det er vanskeleg å selje noko du har gode minner ifrå, seier Kjersti Hoff, til NRK.

Ho håpar leigemarknaden kan berge dei 30.670 småbruka som ifølge tal frå SSB ikkje er i drift, frå forfall. Mange av desse bruka blir i dag brukt som feriebustader, fordi det ikkje er buplikt på dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om SSB-tala viser at det i snitt er sju bruk som har gått ut av drift kvar dag dei siste femti åra, er det mange som er interesserte i å bu på småbruk og drive gard. Men det er kostbart fordi få småbruk ligg ute til sal.

I utkantar der det ikkje er nokon nabo til å ta over drifta av jorda, gror det igjen.

– Vi har ikkje råd til å ikkje bruke jordbruksareala våre betre, når vi veit at klimaendringane vil prege oss framover, og vi vil ha meir behov for mat, seier Hoff.

(©NPK)