Om lag 5.000 HK-medlemer over heile landet går ut i streik frå laurdag, dersom partane i lønnsforhandlingane ikkje blir samde. Foto: Fredrik Hagen/NTB.

Laurdag kan det bli streik i varehandelen

Rundt 5.000 tilsette i varehandelen går laurdag ut i streik dersom ikkje partane i årets lønnsoppgjer blir samde. Forhandlingane skjer no hos Riksmeklaren.

Torsdag og fredag er det mekling hos Riksmeklaren, men dersom ikkje Handel og Kontor (HK) og Virke blir samde innan fristen, blir det streik frå laurdag morgon.

Då vil i så fall nesten 5.000 tilsette i 251 butikkar i varehandelen leggje ned arbeidet. Fristen er midnatt natt til laurdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

HKs viktigaste krav er auka kjøpekraft, høgare tillegg for arbeid søndagar og kveldar, og det som blir kalla full lønn under sjukdom.

Virke meiner at dei har strekt seg langt, men seier at dei ikkje kan godta krav som vil sprengje frontfagramma.

(©NPK)