Sakna kvinne i Sunnfjord komen til rette

Ei 19 år gammal kvinne vart laurdag meldt sakna etter eit ultraløp i Førde.

Det var Vest politidistrikt som først meldte om den sakna kvinna klokka 20:23, laurdag kveld.

Ok form

Klokka 21:08 rapporterte politiet at kvinna var komen til rette, ikkje så langt frå målområdet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den unge kvinna skal vere i ok form, men vil bli sett til av helsepersonell.

Ruskete vêr

Kvinna kom ikkje i mål etter ultraløpet, og var sist sett ute i terrenget/fjellet for ein del timar sidan.

Politiet fekk bistand frå frivillige og redningshelikopter i leiteaksjonen.