– Dette vil vere ein statleg rett du har krav på, seier KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad om kontantstøtta for eldre som partiet foreslår. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

KrF vil gi kontantstøtte til eldre-pårørande

Kristeleg Folkeparti foreslår ei kontantstøtte på 7.500 kroner i månaden til pårørande som bur saman med eldre over 75 år.

Ifølgje Aftenposten vil partiet at støtta skal utbetalast av Nav.

Dei som skal kunne få ho, er mellom anna ektefellar eller sambuarar av hjelpetrengande, personar som har ein hjelpetrengande far eller mor buande hos seg, eller ein nær venn av den pleietrengande dersom vedkommande bur svært nær.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette vil vere ein statleg rett du har krav på, seier KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad.

Framstegspartiet foreslår no at den enkelte eldre sjølv skal kunne velje mellom pleie frå familiemedlemmer og andre, betalt av det offentlege, skriv Aftenposten.

(©NPK)

Dei som skal kunne få kontantstøtta KrF foreslår, er blant anna ektefellar eller sambuarar av hjelpetrengande. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.