Taxfreebutikken på Gardermoen er nesten tom i sommar. Om KrF får det som dei vil, blir det ein permanent tilstand. Foto: Vidar Ruud/NTB scanpix/NPK.

KrF vil avslutte taxfree-salet

Nordmenn treng ikkje kjøpe billeg alkohol og tobakk på utanlandsturar, konkluderer ein samrøystes programkomité i Kristeleg Folkeparti.

– Tida er inne for å avvikle ordninga med taxfree, seier Erik Lunde, leiar i KrFs programkomité, til Vårt Land.

Rundt 10 prosent av all alkohol nordmenn konsumerer blir kjøpt med taxfree-rabatt, ifølgje tal frå Folkehelseinstituttet.

Artikkelen held fram under annonsen.

KrF-komiteen trekker fram omsynet til klimaet, folkehelsa og rettferdig fordeling, som argument for forslaget. Lunde seier ordninga er full av paradoks

– På den eine sida ønskjer helsestyresmaktene at nordmenn skal redusere forbruket av alkohol og tobakk. På den andre sida blir nordmenn premierte med låge prisar om dei kjøper dei same varene på taxfree etter ein utanlandstur.

Når Lunde og komiteen ser seg rundt i Europa, ser dei at Noreg er åleine om ordninga.

Sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i Sparebank 1 Markets, er samd med KrF. I eit innlegg på NRK Ytring laurdag skriv han at staten taper rundt tre milliardar kroner i avgiftsinntekter på dagens taxfree-ordning: «Det er ikke all verden, men det er over 2.000 kroner i året for en familie på fire personer.»

(©NPK)