Vi er nøydde til å halde avstand, slo statsminister Jonas Gahr Støre fast på pressekonferansen torsdag. Der kom regjeringa med ei rekkje skjerpa tiltak for å avgrense spreiinga av koronavarianten omikron. Foto: Annika Byrde/NTB/NPK.

Kraftig skjerping av koronatiltaka

Regjeringa innfører fleire påbod i Oslo-området for å få bukt med omikron-smitten, medan folk i resten av landet får skjerpa råd om å halde avstand.

– Vi innfører koronatiltak på tre nivå. Det blir regionale tiltak for kommunane som er særleg ramma av smitte, det blir skjerpa tiltak for innreisande til Noreg og nasjonale tiltak som gjeld for heile Noreg, sa statsminister Jonas Gahr Støre på ein pressekonferanse torsdag.

– Framleis er vi nøydde til å halde avstand for å få kontroll på smittespreiinga, men det betyr ikkje at vi ikkje kan ha god kontakt med kvarandre. Vi kan òg gå på utestader, slår Støre fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regelen om éin meters avstand, blir altså ikkje gjeninnført, sjølv om regjeringa tilrår det der det er mogleg.

Støre seier det raskt kan bli behov for fleire tiltak dersom situasjonen forverrar seg. Styresmaktene vurderer utviklinga frå time til time.

Fryktar auka spreiing

Bakgrunnen for at tiltaka blir skjerpa, er at det er påvist smitte av omikron-varianten i Noreg. Denne varianten ser ut til å smitte lettare.

Vaksinane ser ikkje ut til å verne like godt mot omikron-smitte, sjølv om det førebels ser ut til at vaksinerte ikkje får så alvorlege symptom.

Det er fare for at ei vidare spreiing av omikron-viruset kan føre til overbelastning av helsetenesta, ifølgje Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet.

Munnbind og heimekontor

For Oslo-området og kommunane som soknar til Ahus, blir det no innført påbod om munnbind i butikkar, i kollektivtrafikken og andre stader der det ikkje er mogleg å halde ein meters avstand. Arbeidsplassane må òg ta i bruk heimekontor der det er mogleg, utan at det går ut over viktige eller nødvendige tenester. Det blir òg innført maksimaltal på arrangement i leigde lokale eller på offentleg stad.

Registrering av gjester og krav til bordservering skal gjere det mogleg å avgrense smitten utan at barar og restaurantar må stengje.

Men det skal framleis vere mogleg å ha julebord, ifølgje Støre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg meiner at ein må vurdere det opp mot dei reglane som her er gitt, der ein understrekar viktigheita av å halde avstand og avgrense nærkontaktar. Det er mogleg å halde julebord og respektere desse reglane samtidig, sa Støre på ein pressekonferanse torsdag.

Tilrår avstand

Også utanom Oslo-området blir tiltaka skjerpa, men då i form av tilrådingar og ikkje påbod.

Helseminister Ingvild Kjerkol ber vaksne om å unngå klemming og handtrykk.

– Vi ber vaksne om å halde avstand til kvarandre, gjerne ein meter viss det er mogleg, unngå klemming og handtrykk, sa Kjerkol på regjeringspressekonferansen torsdag.

Regjeringa tilrår òg arbeidsplassar over heile landet om å leggje til rette for heimekontor der det er mogleg, og når det ikkje går utover viktige og nødvendige tenester.

I tillegg blir det innført nye krav til å teste seg når ein reiser inn i landet.

Økonomiske hjelpetiltak

Saman med dei skjerpa råda og krava, varsla regjeringa økonomiske grep for å hjelpe både bedrifter, kultur og idrett. Staten skal ta ein større del av kostnaden ved sjukefråvær på jobb enn normalt. Arbeidsgivarane må ta kostnaden dei første fem dagane.

Også kulturlivet og idretten får ei hjelpande hand.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kulturen, det frivillige og idretten, som har hatt ei stor uro gjennom heile pandemien, får ordningane ført vidare, slik at vi sørgjer for ein tryggleik for desse aktørane fram til sommaren, sa finansminister Trygve Slagsvold Vedum på pressekonferansen.

– Då kan ein jobbe som normalt og vite at det er ein tryggleik dersom det kjem den typen restriksjonar som vi no innfører i delar av landet, sa han

I tillegg blir den kommunale kompensasjonsordninga på 200 millionar kroner ståande til januar, og Vedum seier regjeringa vil komme tilbake til ei eventuell vidareføring etter nyttår.

(©NPK)

Arbeidsplassar over heile landet blir tilrådde å bruke heimekontor der dei kan, lyder rådet frå helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap). Foto: Annika Byrde/NTB/NPK.