Krafteksporten gjekk ned i 2021. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

Krafteksporten gjekk ned i i fjor

Noreg eksporterte meir kraft i åra 2014–2017 enn det vi gjorde i fjor, ifølgje ferske tal frå Statnett, som viser at krafteksporten gjekk ned i 2021.

Den samla straumeksporten i fjor var 25,5 TWh, skriv NRK. Til samanlikning var totalen 32 TWh i toppåret 2014.

– Dette viser at mengda kraft eksportert i seg sjølv ikkje er årsaka til dei høge straumprisane, sjølv om det er fleire som bidreg til det inntrykket, seier energipolitisk talsmann i Høgre, Nikolai Astrup.

Artikkelen held fram under annonsen.

Straumprisane har vore rekordhøge den siste tida, og mange har tilskrive dette utanlandskablane, medan andre har meint at det kjem av kombinasjonen av låg magasinfylling, høg gasspris og situasjonen i Europa.

Eksportnedgangen i fjor viser at dagens prissituasjon ikkje først og fremst handlar om kor mykje straum som blir eksportert eller importert, men at Noreg ikkje kan unngå å bli påverka av store endringar i landa vi er bundne til, påpeikar Lars Haltbrekken, som representerer SV i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

– Det er heilt styrt etter marknadsmekanismar, utan tilstrekkeleg demokratisk kontroll og regulering, seier Haltbrekken.

(©NPK)