Arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik (Ap) i Stortinget. Foto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

Koronaordningar for ledige, permitterte og sjølvstendig næringsdrivande blir forlengde

Dei mellombelse reglane for dagpengar og kompensasjonsordninga for sjølvstendige og frilansarar blir forlengde ut januar 2022.

Det var opphavleg lagt opp til at fleire av tiltaka berre skulle vare ut året, men desse blir no forlengde, opplyser regjeringa.

– Nye smitteverntiltak betyr ny uvisse for arbeidsmarknaden. Det er derfor nødvendig å forlengje ordningar slik at folk utan jobb eller oppdrag, blir varetekne, seier arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik (Ap).

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til forlenging av dagpengar for ledige og kompensasjonsordninga for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar, blir òg perioden med fritak frå lønnsplikt under permisjon forlengd slik at permitterte beheld dagpengane ved permittering ut over 1. januar.

Ordninga med dagpengesats på 80 prosent kompensasjon for den delen av dagpengane som er under tre gonger grunnbeløpet, blir òg forlengd.

Dessutan kan ein ledig jobbe opp til 60 prosent av vanleg arbeidstid før dagpengane fell bort, mot normalt 50 prosent.

Særreglane for lærlingar blir òg ført vidare, slik at lærlingar som framleis er i ordninga, kan få dagpengar ut januar.