Koronakrisa har gjort at fleire har sett seg på sykkelen. Sportsbutikkane opplever ein kraftig salsvekst. Foto: Berit Roald/NTB scanpix/NPK.

Koronakrisa sende sykkelsalet til himmels

Salet av syklar har fått seg eit kraftig oppsving på grunn av koronapandemien, som stengde både treningssenter og landegrenser.

I tillegg bidreg færre ledige sete på buss og bane til at fleire syklar til jobben. Det har gitt rekordsal av syklar i Noreg, skriv Dagens Næringsliv.

Storkjeda XXL opplyser at ho reknar med ein omsetningsvekst på mellom 25 og 30 prosent i andre kvartal samanlikna med fjoråret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også dei mindre butikkane har merka salsvekst etter at koronakrisa ramma Noreg. Bull Ski og Kajakk har auka sykkelsalet med 250 prosent i perioden frå 1. april til no, samanlikna med same periode i fjor.

Norsk Sportsbransjeforening stadfestar den kraftige auken i sykkelsalet og meiner det heng saman med den spesielle våren.

– Vi merka tidleg når folk vart oppmoda til å ikkje nytte trikkar, bussar og T-banar, at fleire bles støv av sykkelen sin. Det vart rapportert om lange køar hos sykkelverkstadene, seier leiar Trond Evald Hansen til DN.

Bransjeforeininga har ikkje tal på sykkelsalet til no i år, men det ligg an til at salet av elsyklar aukar med 50 prosent frå i fjor.

(©NPK)