Koronatesting er blant ekstraoppgåvene som kommunane er blitt nøydde til å utføre. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Kommunesektoren ber om koronamøte med regjeringa

– Situasjonen blir opplevd som svært pressa, skriv KS og arbeidstakarorganisasjonane i kommunal sektor i eit brev der dei ber om eit møte med regjeringa.

Koronapandemien har gitt kommunane ei rekkje ekstra oppgåver, og i tillegg skaper smittevernavgrensingar nye utfordringar.

– Slik situasjonen no har utvikla seg, ser vi eit klart behov for eit felles møte med statsminister, kommunalminister, finansminister og dei mest ramma fagstatsrådane der vi kan diskutere det samla trykket på kommunesektoren og korleis forventningar og krav frå statleg side kan stillast slik at desse er tilpassa den samla ressurssituasjonen i sektoren, heiter det i eit felles brev frå KS, LO Kommune, Unio Kommune, YS Kommune og Akademikerne Kommune til regjeringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje brevet har organisasjonane fått tydelege signal frå medlemmene sine om at situasjonen «nå oppleves svært presset».

– Kommunane og fylkeskommunane skal sikre at både tilsette og tenestemottakarar unngår smittefarlege situasjonar, og terskelen for å halde seg heime ved moglege symptom skal vere låg. Krav til reinhald er forsterka. Det er stilt store krav til kapasitet for testing og smittesporing. Samtidig skal det ordinære tenestetilbodet haldast fullt ut oppe, og i nokre tilfelle òg bli utvida samanlikna med kva som ville vore tilfelle i ein meir normal kvardag, heiter det i brevet.

Organisasjonane skriv at dette skaper store utfordringar både for kommunane og fylkeskommunane og for dei tilsette.

(©NPK)