Klimapris til Vestland

– Det er utruleg kjekt at vi blir lagt merke til, seier fylkesvaraordførar Natalia Golis etter at Vestland fylkeskommune fekk andreplass i klimaprisen til KLP. Vestland får klimaprisen for grønn omstilling i drosjenæringa.

Sverre Thornes, konserndirektør i KLP, delte ut klimaprisen til Vestland fylkeskommune. Fylkesvaraordførar Natalia Golis tok imot.

Golis tok imot prisen på Kommunenes klimakonferanse 2020 i Oslo 13. oktober. Med prisen følgjer 150 000 kroner som skal gå til det vidare klimaarbeidet i Vestland.

Ikkje mogeleg utan tett samarbeid

– Drosjenæringa har ein stor del av æra for at dette vart ein suksess. Denne satsinga hadde ikkje vore mogleg utan eit tett samarbeid med næringa, som sette seg ned saman med oss for å sjå korleis vi kunne gjere dette. Sjølv om vi gjerne vil vinne kvart år, ønskjer vi knallhard konkurranse om prisen neste år. Det vil vere eit teikn på at vi er på veg til å vinne den aller viktigaste konkurransen, nemleg å få realisert det grøne skiftet, seier Golis.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skulebokeksempel

Juryleiar og direktør for kommunikasjon og marknad i KLP, Gro Myking, seier dette er eit skulebokeksempel på effektiv klimapolitikk.

– Vestland fylkeskommune viser handlekraft og har gjort eit politisk vedtak som skaper marknad for lågutsleppsløysingar. Dette kan andre kommunar og fylkeskommunar kopiere, seier Myking.

– Å høyre at vi er eit skulebokeksempel, er fantastisk. Ikkje noko er betre enn at andre kommunar og fylkeskommunar let seg inspirere. Men vi kan ikkje gjere dette åleine. Nøkkelen for å lukkast med gode omstillingar, er eit godt samarbeid med næringslivet. Prisen seier og noko om kor viktige regionane er for slike tiltak, der fylke og kommunar kan spele på lag for å få til store, positive endringar, seier fylkesordførar Natalia Golis.

Null utslepp frå 2024

Prosjektet «Grønn omstilling i drosjenæringa» inneber at det skal vere null utslepp frå drosjenæringa i Hordaland frå 2024. Vestland fylkesting gjorde vedtak om dette i mars i år. Samstundes vedtok fylkestinget å få utgreidd høve til å stille same krav i alle kommunar i Vestland fylke.

Vedtaket i fylkestinget vart godt mottatt av drosjenæringa. Det er eit resultat av at Vestland fylkeskommune over fleire år har hatt eit omfattande samarbeid med næringa om korleis den kan bidra til klimaomstillinga.

Ladepark

Samarbeidet har resultert i eit omfattande kunnskapsgrunnlag, tilrettelegging av og støtte til infrastruktur.

Fylkeskommunen har mellom anna gitt støtte til utbygging av ein ladepark for el-drosjar på Bergen lufthamn, Flesland. Dette er det største ladeanlegget for el-drosjar i Norden, og det nest største i Europa, med plass til å lade 12 drosjar samstundes. Dette er og den største drosjehaldeplassen i Noreg med 550 000 drosjeturar årleg.

Vidare har alle drosjeselskap fått støtte til å bygge eigne ladestasjonar. Fylkeskommunen har og vedteke å halde fram med støtte til vidare utbygging av ladeinfrastruktur for drosjenæringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva er klimaprisen?

Med klimaprisen løftar KLP fram gode klimatiltak som har overføringsverdi og kan inspirere andre fylke og kommunar.