Forskarar trur Jostedalsbreen vil vere delt i fleire delar om nokre tiår. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

Jostedalsbreen kan vere delt i fleire bitar om nokre tiår

I løpet av nokre tiår kjem Jostedalsbreen til å bli delt opp i minst tre store delar, åtvarar forskarar.

Forskarar frå Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen og NVE er i gang med eit prosjekt der dei måler kor tjukk isen er ulike stadar på Jostedalsbreen.

– Når høgdegrensa for smelting blir flytta opp, blir det plutseleg store område som kjem i eit område der det smeltar. Då kan det gå fort. Vi er like ved grensa i augneblinken for at det skal skje store endringar på Jostedalsbreen, seier prosjektleiar og geolog Jakob Yde til NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forskarane har i vår køyrt rundt med radarutstyr og målt ulike stader av breen. Nokre stader har dei målt is som er 600 meter tjukk. Andre stader, på nordlege og sørlege delar av platået, har dei målt ei isdjupn på berre mellom 20 og 50 meter.

Store delar av breen ligg på mellom 1400 og 1900 høgdemeter. Forskarane trur at ei stadig større del av breen vil smelte når temperaturane blir høgare. Yde seier det er svært sannsynleg at breen om nokre tiår er delt opp i fleire delar, skriv NRK.

(©NPK)