Den norske frukt- og grøntsesongen går mot slutten. Opplysningskontoret for frukt og grønt melder at sesongen ikkje har vore optimal. Illustrasjonsfoto: Erlend Aas/NTB scanpix/NPK.

Ingen optimal sesong, men éin frukttype er det meir av i år

Den norske frukt- og grøntsesongen går mot slutten. Opplysningskontoret for frukt og grønt melder at sesongen ikkje har vore optimal.

– Noko av årsaka er at det var tidleg og lang blomstringstid, som medfører både få pollinerande insekt og frost i ein del blomster. I tillegg var 2019 ein svært god fruktsesong, spesielt for plommer, seier kommunikasjonssjef Gerd Byermoen i Opplysningskontoret for frukt og grønt til Nationen.

Prognosar frå august viser at det går mot 6305 tonn norske eple, mot 8302 i 2019. For pærer går det mot ein oppgang frå 281 tonn i fjor, til 440 i år. For plommer og morellar går det mot ein nedgang frå 1959 tonn og 496 tonn i 2019, til 635 tonn og 408 tonn i 2020.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)