Cruiseskip i Flåm. Arkivfoto: Sara Johannessen/NTB scanpix/NPK.

Ingen endringar i cruisetrafikken i Flåm

Innstramminga frå regjeringa i cruisetrafikken får ikkje store konsekvensar for anløpa i Flåm dei neste vekene, ifølgje hamnesjefen.

Til helga kjem det tre skip til hamna inst i Aurlandsfjorden, men ingen av skipa skal sleppe passasjerar i land, forklarer hamnesjef Tor Mikkel Tokvam til NTB.

– Det er ingen endringar frå tidlegare. Det var ikkje planlagt at passasjerar skulle kome i land i denne 14-dagarsperioden likevel, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidlegare denne veka stramma regjeringa mellombels inn på cruisetrafikken, ved å hindre at skip med fleire enn til saman 100 personar om bord blir godkjende og får landgang i norske hamner.

Laurdag kjem cruiseskipet Europa 2, som i anløpslista står merkt som «cruising only», som tyder at skipet blir liggjande ute på fjorden før det reiser igjen. Skipet blir drive av Hapag-Lloyd Cruises, som er eit tyskbasert reiarlag.

Søndag kjem tyske TUI Cruises' Mein Schiff 1 og Mein Schiff 2, som i anløpslista står merkt som «technical stop». Ifølgje hamnesjef Tokvam tyder dette at skipet har planlagt å gå til kai, men at ingen blir sleppte i land.

Til og med oktober er det planlagt 26 cruiseanløp i Flåm, ifølgje anløpslista.

(©NPK)