Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) minna måndag om at smittesituasjonen i mange europeiske land medfører ei langt dystrare juletid enn den vi sjølve ser ut til å gå i møte her heime. Foto: Ørn E. Borgen/NTB.

Høie: Vi går inn i jula med lågare smitte enn dei europeiske naboane våre

Helseminister Bent Høie (H) minne om at medan smitten er låg her i Noreg, er situasjonen svært annleis i Europa, kor fleire land stengjer ned i jula.

– Vi går inn i jula med lågare smitte enn dei europeiske naboane våre. Medan vi spring i butikkane for å kjøpe dei siste julegåvene, opplever folk i andre land at butikkane er stengde. Medan vi pakkar koffertane for å besøkje dei vi er glade i, opplever dei at det er forbode å reise på besøk til sine kjære, seier Høie.

Mange europeiske land har innført svært strenge restriksjonar gjennom jula. I mange av landa vil desse tiltaka vare til langt etter nyttår.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høie seier at for å unngå eit slikt scenario her i Noreg, må alle sørgje for å halde god avstand i jula og avgrense talet ein er saman med.

(©NPK)