Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) seier nordmenn må førebu seg på å bruke vinterferien i Noreg. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB.

Høie: Folk må ta vinterferien i Noreg

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) seier nordmenn må førebu seg på å halde til vinterferien i Noreg.

– For det første får dei ein vinterferie i Noreg, det er det viktigaste, svarte Høie på spørsmål om kva slags vinterferie nordmenn har i vente.

– Dei kjem ikkje til å møte så mange frå andre land på vinterferien i Noreg, sa han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innbyggjarane i dei 25 kommunane som er ramma av tiltak som følgje av utbrotet i Nordre Follo, blir bedne om å unngå reiser som ikkje er strengt nødvendig. Regjeringa understrekar at det òg gjeld hytteturar.

Høie understrekar at rådet er mellombels og at han håpar smittesituasjonen er god nok til at slike råd ikkje trengst når det blir vinterferie.

(©NPK)