Kinn kommune er slått saman av dei tidlegare kommunane Flora og Vågsøy og blir ofte omtalt som «Noregs raraste kommune». No trekker Høgre seg frå det politiske samarbeidet i kommunen. Foto: Skjermbilde frå kommunen sine nettsider.

Høgre trekkjer seg frå kommunesamarbeid i vest

Ei konflikt mellom ordføraren i Kinn kommune og gruppeleiaren i Høgre i kommune fører no til at Høgre trekker seg frå det politiske samarbeidet i kommunen.

Det skriv NRK som refererer til ei pressemelding frå partiet.

For eitt år sidan inngjekk Høgre, Arbeidarpartiet og Venstre eit politisk samarbeid om styringa av Kinn. Men etter ein konflikt mellom arbeidarpartiordførar Ola Teigen og gruppeleiar for Høgre, Arlene Vågene, som toppa seg i helga, vel partiet å bryte samarbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kinn kommune er blitt omtala som «Noregs raraste» fordi kommunen er delt på begge sider av Bremanger kommune.

Trass i at regjeringa sa nei til den nye kommunen, trumfa eit fleirtal i Stortinget (Ap, Venstre og Frp) gjennom samanslåinga.

Lokalt er også samanslåinga omstridd fordi kommunestyrefleirtalet i Vågsøy i to rundar overkøyrde eit klart nei-fleirtal i befolkninga.

(©NPK)