Finansminister Jan Tore Sanner, statsminister Erna Solberg og olje- og energiminister Tina Bru på Høgre sitt landsmøte. Dei tre er no valde til leiartrioen til partiet. Foto: Vidar Ruud/NTB scanpix/NPK.

Høgre går inn for å fjerne formuesskatten heilt

Eit forslag om å fjerne formuesskatten heilt fekk fleirtal på Høgres landsmøte.

I eit resolusjonsforslag som vart lagt fram på landsmøtet, gjekk resolusjonskomiteen opphavleg inn for eit punkt om å redusere skatt på norsk eigarskap, mellom anna gjennom å fjerne formuesskatten på arbeidande kapital.

Men på landsmøtet la Vestland Høgre fram eit forslag om å endre dette til å fjerne formuesskatten heilt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den endringa fekk fleirtal på landsmøtet.

Endringa utgjer milliardar av skattekroner i forskjell.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at formuesskatten totalt utgjorde nærare 15 milliardar kroner i 2018.

(©NPK)