Statsminister Erna Solberg (H) etter Stortingets munnlege spørjetime onsdag. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

Høgre fell på måling etter Molde-bråk og Solbergs 60-årsdag

Høgre fell kraftig på ei ny meiningsmåling etter nokre turbulente veker for statsminister Erna Solberg (H).

Målinga er utført av Norstat for Vårt Land, og viser at Høgre fell med 3,8 prosentpoeng frå førre månad og får ei oppslutning på 23,8 prosent.

Senterpartiet gjer samtidig eit hopp oppover og får si beste Vårt Land-måling sidan valet i 2017, med 20,5 prosent, ein oppgang på 1,9 prosentpoeng. Partiet ville ifølgje målinga ha fått fleire mandat enn Arbeidarpartiet på Stortinget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Målinga er gjennomført etter bråket rundt Molde-ordførar Torgeir Dahls (H) koronautspel, der Statsmisterens kontor viste seg å ha ein finger med i spelet. Nokre av respondentane har òg svart etter at det vart kjent at statsminister Erna Solberg (H) hadde samla familien til 60-årsfeiring i strid med koronareglane.

Dette vart avslørt av NRK kvelden 18. mars, medan målinga vart gjennomført 16.–21. mars.

– Dei to sakene har gitt Høgre dårleg omtale. Partiet mistar flest veljarar til gruppa av usikre, så det kan vere ein effekt, seier valforskar Bernt Aardal til avisa.

For resten av partia er resultatet på målinga slike (endring frå førre månad i parentes): Ap: 20,5 (-0,1), Frp: 9,9 (+1,6), SV: 7,5 (+1,2), KrF: 4,1 (+0,5), R: 4,1 (-0,7), MDG: 3,3 (-1,9), V: 2,4 (+0,1), Andre: 4,1 (+,1,1).

(©NPK)