Overskot av vatn i magasina og høg kraftproduksjon førte til svært låge straumprisar i andre kvartal, melder SSB. Foto: Terje Pedersen/NTB scanpix/NPK.

Historisk låge straumprisar i Noreg

Prisane på straum i Noreg var historisk låge i andre kvartal, viser tal frå SSB. Samanlikna med same kvartal i fjor var prisane 35 prosent lågare.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå var det eit stort overskot av vatn i magasina kombinert med høg straumproduksjon som senka straumprisane, utanom grunnpris og nettleige.

Gjennomsnittleg straumpris, irekna avgifter og nettleige, var 72,8 øre for ein kilowattime. Nedgangen i pris var på heile 67 prosent frå same kvartal i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Av den totale straumprisen utgjorde kraftprisen 20 prosent, nettleiga 39 prosent og avgiftene på elektrisk kraft dei resterande 41 prosentane. Nettleiga og avgifter utgjer ein større del av den totale straumprisen i tider med veldig låg straumpris, skriv SSB i rapporten sin.

Spesielt hushald med spotprisavtale betalte lite for straumen med ein gjennomsnittspris i andre kvartal på 12,3 øre for kvar kilowattime utanom skatt og avgifter. Ikkje sidan 2007 har prisane på straum til spotpris vore lågare.

(©NPK)