Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) fekk fredag influensavaksinen. Foto: Beate Oma Dahle/NTB.

Helseministeren: – Ta influensavaksine i haust!

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) tok influensavaksinen fredag. Ho oppmodar helsepersonell og personar i risikogruppa til å gjere det same.

– Vi forventar at influensasmitten kjem for fullt etter pandemien. For helsepersonell er det viktig å ta vaksinen for å verne både pasientane sine og seg sjølv, seier helseminister Ingvild Kjerkol.

Sjølv om dei fleste smitta klarer seg utan legehjelp, tek influensa i gjennomsnitt 900 liv i året i Noreg og fører til 5.000 innleggingar. Det er derfor vaksinen er så viktig, seier Kjerkol.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Noreg har kjøpt inn rekordmange vaksinedosar (1,8 millionar), og dette er nok til alle i risikogruppene og dei fleste av helsepersonell med pasientkontakt. I tillegg er det kjøpt inn ein forsterka vaksine til bebuarar i sjukeheim, seier helseministeren.

Trass i låg smitte i fjor vart det sett vaksinasjonsrekord. Blant helsepersonell var vaksinasjonsgrada 50 prosent, blant risikogruppene 51 prosent. Til samanlikning var tala høvesvis 44 og 40 prosent året før.

(©NPK)