Helsedirektør Bjørn Guldvog vil ha endå meir testing og smittesporing. Her på veg inn til pressekonferanse om koronasituasjonen saman med statsminister Erna Solberg (H). Foto: Stian Lysberg Solum/NTB scanpix/NPK.

Helsedirektoratet vil ha endå meir testing og smittesporing

Helsedirektoratet opprettar ei eiga prosjektgruppe som skal intensivere arbeidet med testing og smittesporing, opplyser helsedirektør Bjørn Guldvog.

Gruppa skal mellom anna identifisere flaskehalsane som hindrar høg testkapasitet, og vurdere nye teknologiar for hurtigtesting, opplyste Guldvog på pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen torsdag.

– Vi snur no kvar stein for at samfunnet skal fungere så normalt som mogleg. Ein av dei tinga vi då må jobbe med, er testing, isolering og smittesporing i kommunane, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også Folkehelseinstituttet (FHI), dei regionale helseføretaka og Direktoratet for e-helse skal delta i prosjektet.

– Regionale helseføretak jobbar no med å skalere opp testkapasiteten ved laboratoria sine, seier Guldvog, som samtidig understrekar at kommunane framleis må rekruttere nok personell til å sikre både høg nok testing og smittesporingsarbeidet.

Samtidig viser den siste befolkningsundersøkinga at fleire har vorte skeptiske til å teste seg.

– Mange har frykt for å bli den eine som har smitta mange andre. Til dykk som er bekymra for dette, vil eg seie: Smittesporingsarbeidet er heilt anonymt. Det betyr at dersom du testar positivt, vil ikkje ditt namn bli nemnt vidare. Det håpar vi kan bidra til at terskelen for å teste seg blir lågare, seier Guldvog.

(©NPK)