Helsedirektoratet og helsedirektør Bjørn Guldvog tilrår at regjeringa utset vidare gjenopning. Foto: Ali Zare/NTB/NPK.

Helsedirektoratet tilrår regjeringa å utsetje vidare gjenopning

Inntil delen fullvaksinerte er vesentleg høgare enn i dag, tilrår Helsedirektoratet regjeringa å utsetje trinn fire i gjenopningsplanen.

Helsedirektoratet meiner at gjennomføring av trinn fire på noverande tidspunkt truleg vil medføre auka smittespreiing, skriv dei i det faglege grunnlaget sitt, som dei leverte til regjeringa onsdag 1. september.

– Med dagens smittetal må ein gå ut frå at smitten kan spreie seg frå uvaksinerte til ein-dosevaksinerte eller andre sårbare grupper, skriv direktoratet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei trekkjer òg fram at Folkehelseinstituttets vekevise modellering antydar at talet på smitta og koronapasientar på sjukehus kan halde fram med å auke dei neste to–tre vekene.

Dei skriv at den overordna målsetjinga no er å avgrense smittespreiinga og halde sjukdomsbyrda låg inntil 90 prosent av befolkninga som er 18 år og eldre, er vaksinerte med to dosar.

– Det er ein ambisjon at dette er gjennomført innan fire til seks veker, skriv dei.

Dei tilrår heller ikkje endringar av innhaldet på trinn tre eller trinn fire no, men tilrår likevel at det blir opna for fleire personar til stades på arrangement med koronasertifikat og faste, tilviste plassar.

På pressekonferansen til regjeringa klokka 12 blir det truleg kjent om dei følgjer tilrådinga til direktoratet.