Helsedirektoratet og FHI tilrår å auke deltakartalet på arrangement

Illustrasjonsfoto: konsert med Stardalen Mannskor.

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet tilrår å auke talet på offentlege innandørs arrangement til 1.500 deltakarar, dersom det er faste tilviste plassar.

Det tilrår Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI) i eit nytt fagleg grunnlag.

På utandørs arrangement tilrår helsestyresmaktene inntil 3.000 deltakarar og maksimalt 50 prosents kapasitet. Alle på arrangementet må kunne halde minst ein meters avstand frå andre enn husstandsmedlemmer. Dei foreslår også kohortar med 200 personar innandørs og 500 personar utandørs.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag kan det vere 200 personar innandørs på faste tilviste plassar og 600 på utandørs arrangement.

(©NPK)