Nav og det ansvarlege departementet, tysdag representert ved nytilsett Nav-direktør Hans Christian Holte (til venstre) og arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) har hovudansvaret for at trygdeskandalen fekk eit så enormt omfang, slo leiar Finn Arnesen (i midten) fast då han gjorde greie for funna i rapporten. Foto: Lise Åserud/NTB scanpix/NPK.

Granskarane gir Nav og departementet flengjande kritikk for trygdeskandalen

EØS-landet Noreg har misleghalde trygdereglar sidan 1994. Mellom anna er 75 uskuldig dømt. Det offentlege systemet får det glatte laget i rapporten Blindsonen.

– Hovudansvaret ligg hos Nav og departementet, sa Finn Arnesen då han gjorde greie for det granskarane har funne. Han har sidan oktober leidd det eksterne granskingsutvalet som har undersøkt korleis det vi i dag kjenner som trygdeskandalen, kunne få eit slikt enormt omfang.

Konklusjonane kjem fram i rapporten Blindsonen, som inneheld flengjande kritikk av alle relevante forvaltningsorgan – frå Stortinget, via regjeringa og Nav, til påtalemakta og rettsvesenet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Over 4.000 personar er truleg ramma av feiltolkinga av EØS-regelverket, fleire av dei har vorte straffeforfølgde og dømde for å ha teke med seg ytingane sine utanlands. Fleirtalet i utvalet meiner den feilaktige praktiseringa – som resulterte i at mottakarar av sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og pleiepengar har vorte nekta å reise utanlands medan dei fekk ytingane – strekkjer seg heilt tilbake til 1994.

– Alle involverte i alle organa har ansvar for feiltolkinga, konsekvensane av henne og at praktiseringa av henne fekk gå føre seg i så mange år. Hadde berre éin av dei sett denne feilen, ville denne saka sett heilt annleis ut, sa Arnesen.

Feilen gjenteken gong på gong

– Ikkje i nokon av dei aktuelle organa har det vore tilstrekkeleg merksemd mot det uttrykkjelege kravet i folketrygdlova om opphald i Noreg og kravet til EØS-retten om at opphald i utlandet ikkje skal medføre at ytingar fell bort eller blir reduserte, sa han.

Han ramsa opp korleis feilen har gjennomsyra så å seie alle ledd i forvaltningskjeda. Verken ansvarleg fagdepartement, Nav, Trygderetten, påtalemakta, domstolane eller lovgivar passa oppgåvene sine slik ein burde kunne forvente, konkluderte han.

– Vi har sett mangel på kommunikasjon både om innhaldet i regelen og tyding og om korleis forvaltninga praktiserte han. Denne systemsvikta har ramma einskildmenneske hardt, sa han og poengterte at det ved gjentekne høve kom oppmodingar om å sjå om regelen vart praktisert slik EØS-retten krev.

– I mellomtida vart feilen gjenteken gong på gong, heiter det i rapporten.

Statsråden bad om unnskyldning

Rapporten peikar i særleg på Nav og den interne forvaltningskulturen i direktoratet når skulda for skandalen skal plasserast: «Handteringa av denne saka internt i Nav-systemet ber etter synet frå utvalet preg av mangel på varslingskultur, ansvarspulverisering og ein uakseptabel mangel på proaktivitet. Dette er eit leiaransvar og bør ikkje skyvast over på einskildmedarbeidarar».

– Internt i Nav sit ein på ulike bitar av puslespelet som ikkje blir formidla internt. Det gjer at formidlinga frå direktorat til departement av alvoret i feilen ikkje kjem tydeleg nok fram, sa Arnesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) offisielt fekk rapporten etter Arnesens innleiing, fann han grunn til endå ein gong å gi dei som er ramma av skandalen, ei utvitydig og uatterhalden unnskyldning.

– Utvalet er nøye med å påpeike at gjentekne gonger, også med denne regjeringa, burde ein teke opp diskusjonen og vurdert dei EØS-rettslege sidene. Sjølv om dette strekkjer seg tilbake og er ei systemsvikt over tid, er det ikkje sånn at feilen ikkje har halde fram å bli gjord, sa statsråden.

(©NPK)