Glopperock er no avlyst, og arrangørane er i gang med å planlegge sommaren 2022. Foto: Glopperock.

Glopperock 2021 er avlyst

Glopperock-festivalen som var planlagd på Sandane i juni, er no avlyst.

– Vi har gleda oss lenge og vel til festival i Jølet, men vi har no bestemt at det ikkje vert gjennomført noko Glopperock-festival i juni 2021 på Sandane. Med regjeringa sine arrangement-restriksjonar som er lagde fram og covid-19-smittesituasjonen, ser vi oss nøydde til heller å lade opp til ei fullverdig festivalhelg til neste år, melder styret i Gloppen Musikkforum, som arrangerer Glopperock.

Arrangørane er no i gang med å booke artistar til Glopperock 2022, og håpar at kohortar, faste sete og fare for smittespreiing er historie når den tid kjem. Fleire av artistane som var booka i år, er klare, i tillegg til at det kjem nye artistar på programmet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle billettar blir automatisk overførte til neste års festival, meir informasjon kjem i slutten av mai.

Gloppen Musikkforum jobbar òg med ei 40 års Glopperock jubileumsmarkering, med ein historisk film/video-vising og konsert i kultursalen Trivselshagen i august 2021.