Utsiktspunkt på den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet. Foto: Jiri Havran/Statens vegvesen.

Gaularfjellet opnar likevel 1. mai

Fylkespolitikarane i Vestland gjekk onsdag inn for å at den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet blir opna 1. mai, trass i at fylkesrådmannen hadde rådd til å utsetje opninga ein månad.

Det fortel NRK etter at Utval for samferdsel og mobilitet onsdag gjorde eit samrøystes vedtak i saka.

Den vinterstengde vegen brukar kvart år å bli opna seinast 2. mai, men på grunn av store snømengder på vegen har vegstyresmaktene i år føreslege å venta med å opne vegen til 1. juni.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette blir det no ikkje noko av. Jenny Følling (Sp) er blant dei som er letta over vedtaket.

– Svært gledeleg og viktig for reiselivsnæringa, seier ho i ein kommentar til NRK.

(©NPK)