Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

Fyrer for å spare pengar: Tydeleg auke i brannutrykkingar

Mange fyrer i peisen for å redusere den neste straumrekninga. Det har ført til fleire brannutrykkingar den siste månaden.

Tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) viser at det har vore ein kraftig auke i talet brannar knytt til vedovn, peis eller skorsteinar i desember, opplyser forsikringsselskapet If i ei pressemelding.

I desember har brannvesen over heile landet hatt 214 utrykkingar relaterte til skorsteinsbrann. I same periode i fjor var talet 137.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Denne vinteren er spesiell fordi straumen er så dyr. Mange fyrer derfor med ved for å spare pengar, seier kommunikasjonssjef Sigmund Clementz i If.

(©NPK)