Hurtigbåtane mellom Bergen og Sogn og Fjordane skal bli meir miljøvennlege. Foto: Margunn Sunnfjord/NPK.

Fryktar hybridvedtak vil bremsa utviklinga av utsleppsfrie hurtigbåtar

Fleire hurtigbåtutviklarar fryktar utviklinga av utsleppsfrie hurtigbåtar vil gå tregare etter at fylkesutvalet i Vestland tysdag gjekk inn for å erstatta dei dieseldrivne hurtigbåtane mellom Bergen og Sogn og Fjordane med hybridbåtar innan 2024.

Vedtaket inneber at fylkespolitikarane går bort frå vedtaket dei gjorde i desember om «innfasing av nullutsleppsteknologi frå 2022 og seinast 2024» for hurtigbåtane i sambandet. Dette vekkjer reaksjonar hjå fleire utviklarar i skipsindustrien.

– Fylkeskommunane har gått saman for å be om ei nullutsleppsløysing. Vi var førebudd på konkurranse, men ikkje på at ein kunde brått seier nei og forsvinn, seier administrerande direktør Torbjørn Bringedal i skipsdesignarselskapet LMG Marin til Bergens Tidende.

Artikkelen held fram under annonsen.

Selskapet er ein av fleire aktørar som har brukt store ressursar på å utvikla ei hurtigbåtløysing for nullutslepp. Ifylgje Bringedal kunne konseptet greidd å levera ei utsleppsfri hurtigbåtløysing innan 2024, men no fryktar han at det statsstøtta prosjektet ikkje blir noko av.

Også dagleg leiar Hege Økland i den maritime industriklyngja NCE Martime Clean Tech meiner vedtaket får konsekvensar for den teknologiske utviklinga for nullutsleppsbåtar.

– Fylkespolitikarane vil kutta klimautsleppa kjapt, og oppnår det. Men dersom ein ikkje samtidig får fram ein utviklingskontrakt for nullutsleppsfartøy, skuslar ein samtidig bort ei moglegheit til industri- og teknologiutvikling, seier ho til avisa.

Både fylkesordførar Jon Askeland (Sp) og fylkesvaraordførar Natalia Golis (MDG) forsvarar på si side vedtaket. Dei meiner begge at vedtaket er forma slik at bransjen kan velja den teknologiske løysinga dei ønskjer og at det dermed ikkje er til hinder for utsleppsfrie båtar.

(©NPK)