Framstegspartiet vil endre regelverket for lakseoppdrett. Kritikarane fryktar endringsforslaga vil føre til meir lakselus. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Frp vil endre oppdrettsreglar

Framstegspartiet (Frp) vil endre regelverket for lakseoppdrett. Kritikarane fryktar endringsforslaga vil føre til meir lakselus.

Det skriv NRK.

I dag må oppdrettarar ta omsyn til ei maksgrense for kor mykje fisk ein kan ha ståande i anlegga. Frp tar til orde for at oppdrettarane i Noreg må få lov til å gjennomsnittsavrekne kor mykje fisk dei har i havet. På den måten kan ein oppdrettar som har hatt mindre fisk i sjøen i ein periode dei siste 12 månadane, ha meir fisk i sjøen i ein seinare periode.

Artikkelen held fram under annonsen.

Geir Molvik i oppdrettsselskapet Cermaq er kritisk til forslaget frå Frp.

– Årsaka til at vi har uttrykt motstand mot den foreslåtte ordninga er at oppdrettarane vil ha sterke insentiv til å auke biomassen på hausten når temperaturen er gunstigast for vekst. Då trivst og formeirar lusa seg også best. Dermed kan det oppstå negative miljøeffektar som det kan bli krevjande å kontrollere, seier han til statskanalen.

(©NPK)