Hans Andreas Limi (Frp) opplyser til VG at den såkalla firarbanden, Ap, SV, Sp og Frp, vil køyre over regjeringa i Stortinget og forlengje permisjonsordningane. Arkivfoto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

Frp: Opposisjonen vil forlengje permisjonsordningane til 1. oktober

Opposisjonspartia er samde om å køyre over regjeringa og forlengje permisjonsordningane heilt fram til 1. oktober, opplyser Frp til VG.

– Det ligg an til at fleirtalet stiller seg bak ei vidareføring av ei forsterka permisjonsordning og tiltaka for bedriftene, seier Hans Andreas Limi (Frp) til VG måndag kveld.

Opposisjonspartia Ap, SV og Sp har med støtte frå Frp fleirtal i Stortinget. Dei starta i helga samtalar om å fremje felles forslag med mål om å påleggje regjeringa å utvide og forlengje dei gjeldande krisepakkane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa vil forlengje ordninga som går ut i mars, men berre til juli. Frp seier dei òg truleg har fleirtal for at kontantstøtta til bedriftene blir forlengde til 1. juli.

Frp forlét møte

Partia møttest måndag ettermiddag for å diskutere mellom anna permisjonsreglane og kompensasjonsordninga for kriseramma bedrifter. Men Frp valde å forlate møtet etter nokre kommentarar frå Ap-leiar Jonas Gahr Støre på talarstolen i Stortinget måndag, ifølgje VG.

Ifølgje Frp-nestleiar Sylvi Listhaug og Hans Andreas Limi var det sterke reaksjonar på at Støre sa at Frp og regjeringa har ansvaret for at mange familiar slit tungt i koronakrisa.

– Støre gjorde det ikkje akkurat lettare for oss å samarbeide med dei med det han sa i Stortinget i dag. Det la vi merke til. Og det påverkar kor interesserte vi er i å snakke vidare med dei, seier Listhaug.

Solberg: Ikkje påskjønn passivitet

Solberg åtvara tidlegare måndag opposisjonen mot å trekkje det for langt.

– Det er farleg å planleggje for langt framover med tiltak som honorerer at du er passiv, framfor tiltak som honorerer at du er aktiv, sa ho.

Solberg trur dei gjeldande ordningane vil vere nødvendige til rundt påske. Men etter påske kan situasjonen bli annleis.

– Vi kan komme i ein situasjon der det å skape vekst i norsk økonomi, skape arbeidsplassar, er mykje viktigare enn å kompensere for at du har låg aktivitet, sa statsministeren til NTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)