Illustrasjonsfoto. Foto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

Forskingsprosjekt skal undersøkje lungebetennelse hos kalv

Gjennom forskingsprosjektet Norwegian Airways skal Veterinærinstituttet undersøkje førekomst av bakteriar som gir lungebetennelse hos kalvar.

Betre kunnskap om korleis ein kan førebyggje og gi korrekt behandling av lungebetennelse, gir betre dyrehelse og redusert bruk av antibiotika, skriv regjeringa i ei pressemelding.

– Ny kunnskap gir betre dyrevelferd. Det er òg viktig for norsk landbruk at vi kan halde eit lågt forbruk av antibiotika, seier landbruks- og matminister, Olaug Bollestad (KrF).

Artikkelen held fram under annonsen.

Prosjektet skal undersøkje førekomsten av bakteriar som kan gi lungebetennelse hos mjølkeku- og kjøttfekalvar. Ved å undersøkje ulike metodar for å hente inn prøver og identifisere metodar som er enkle å utføre i felt, er målet å kunne skaffe seg betre kunnskap. På sikt kan dette føre til redusert og meir korrekt bruk av antibiotika.

(©NPK)