Forsking: Forkjøling kan gi ein viss immunitet mot covid-19

Testing av rundt 3.000 personar i Oslo-området for antistoff tyder på at forkjøling kan gi motstandsdugleik mot koronaviruset som gir covid-19.

Arkivfoto frå testing ved Gloppen legesenter.

Det nye koronaviruset som kan føre til sjukdommen covid-19 og har medført pandemi, overraskar både norske og utanlandske forskarar ifølgje NRK. Årsaka er at dei som har vore sjuke ikkje har bygd opp antistoff i blodet i like stor grad som ein hadde forventa at dei skulle gjere.

Av dei i Oslo-området som er testa for antistoff etter å ha vore sjuke med det nye koronaviruset, har berre rundt 1 prosent hatt antistoff i blodet. Når ein har hatt vanleg forkjøling, som blir forårsaka av ein annan type koronavirus, er det normalt med mykje høgare førekomst av antistoff i blodet etterpå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lege og forskar ved Oslo universitetssjukehus, Fridtjof Lund-Johansen, påpeikar at nesten alle har antistoff mot forkjøling i blodet, ikkje minst barn, som er eksponert for mykje forkjølingssmitte gjennom sesongen. Her ligg kanskje nøkkelen til at så få barn ser ut til å bli sjuke med covid-19: Dei har høgt nivå antistoff i blodet og kan dermed kanskje vere betre verna mot det nye koronaviruset.

Lund-Johansen synest det er spennande funn, sjølv om mykje er usikkert.

– Det vi veit er at dette er eit koronavirus, og det er òg koronavirus som gir vanleg forkjøling. Og det kan vere at dei som har hatt forkjøling, har ein viss immunitet mot det nye viruset, seier han.

(©NPK)