Sju av ti nordmenn har berre møtt inntil fem nærkontaktar den første veka i 2021. Færre enn før møter også mange personer. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Folk droppa sosialt samvær etter nyttår

Nordmenn oppgir at dei i stor grad har halde seg for seg sjølve og med sine næraste etter at jul og nyttårsfeiring var overstått

Nesten sju av ti av dei spurde i Helsedirektoratets befolkningsundersøking svarer at dei berre har hatt ein til fem nærkontaktar den første veke i år. I juleveka og romjula svarte 45 prosent det same.

– Dette er den høgaste delen vi har målt sidan vi byrja å spørje om dette i september 2020, opplyser Helsedirektoratet i ei statusoppdatering måndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samtidig er det færre enn tidlegare som møter mange menneske i løpet av ei veke. Del som opplyser å ha mellom seks og tjue nærkontaktar, har gått ned frå 48 til 19 prosent.

– Det er den lågaste delen vi har målt, skriv direktoratet.

Så å seie alle dei spurde (94 prosent) i befolkningsundersøkinga svarer at dei følgjer råd og retningslinjer frå styresmaktene. Dette har vore stabilt i lang tid.

Det er dei yngste som i lågast grad har tillit til helsestyresmaktene. For denne gruppa, som omfattar tenåringar og folk i byrjinga og midten av 20-åra, har delen som har tillit, gått ned frå 77 til 66 prosent.

(©NPK)