Widerøe flyr ei rekke av FOT-rutene. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Flyprisane i distriktet blir kutta kraftig neste år

Regjeringa reduserer prisane på ei rekkje flyruter i distrikta frå 1. april 2024 med opptil 50 prosent.

– Dei regionale flyrutene er ein viktig del av samferdselstilbodet i distrikta, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) i ei pressemelding.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) seier at dette vil gjere det lettare og billigare å reise langs kysten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Lågare prisar vil betre kvardagen for mange på Vestlandet og i Nord-Noreg, seier Vedum.

Prisane på dei såkalla FOT-rutene, ruter der staten kjøper inn tenestene for å sikre eit tilbod, blir halverte frå 1. april 2024. Det skjer som ein del av utlysing av nye kontraktar på desse rutene, som kjem seinare i vår.

I tillegg skal det «leggjast betre til rette» for meir tilgjengelegheit frå Helgeland og nordover, og rutestrukturen skal endrast i Finnmark og Nord-Troms.

Flyruta Stord-Oslo blir også teken inn i FOT-ordninga. Røros lufthamn skal få fly som står parkert der over natta, slik at fly ikkje blir innstilte på grunn av morgontåka. Kapasiteten på FOT-rutene skal auke i tråd med at ein ventar meir etterspurnad, også på helikopterruta Værøy-Bodø. (©NPK)