– Vi er klare til å starte innsamling av kle, sko og utstyr, opplyser leiar i Gloppen Røde Kors Omsorg, Nora Lile.

– Flyktningane treng kle og sko av alle slag

– Mange flyktningar har gjort Gloppen til sin heimstad. No treng dei varme kle og fottøy av alle slag, seier Nora Lile.

Nora er leiar i Gloppen Røde Kors Omsorg. For ei tid tilbake fortalde ho til avisa at dei førebudde ein innsamlingsaksjon som ei oppfølging av ein liknande aksjon i oktober.

Mange fleire

Aksjonen i fjor haust var vellukka, men sidan den gong har det kome mange fleire flyktningar, særleg frå Ukraina. Desse opplevde sympati og solidaritet då det vart gjennomført eit fakkeltog i Sandane sentrum 24. februar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Veldig mange bygdefolk stilte opp. Det var svært kjekt. Ukrainarane vart rørte, og merka hjertevarmen dei vart møtte med, seier Nora.

Det fekk ho klare tilbakemeldingar om då ho var på språkkafé hos Gloppen Opplæringssenter.

Les også
Gloppen Røde Kors stiller opp for ukrainske flyktningar

No opplyser Nora at Gloppen Røde Kors Omsorg er klar til å gjennomføre den varsla innsamlingsaksjonen som omfattar alle flyktningar i kommunen.

Kle, sko og utstyr

– Vi treng varme kle, regntøy, støvlar og sko av alle slag og storleikar, seier Nora og håpar mange har ting av god kvalitet å avsjå.

Også sportsutstyr, leikar og kjøkkenreiskapar tek dei gjerne imot.

– Sortér dei etter alder og storleik, legg dei i ein pose og skriv på. Kjøkkenutstyret ønskjer vi å ta imot innpakka i merkte kasser, seier Nora.

Nora opplyser at Gloppen Røde Kors Omsorg har avtalt med Sion at alt kan leverast hos dei i Åsavegen 138. Det vert to innsamligsdagar, laurdag 11. mars og laurdag 18. mars.

– Vi takkar på førehand for både hjartelag, godvilje og generøsitet hos bygdefolket, seier Nora Lile.