Nesten ein av fire spurde meiner koronatiltaka er gått for langt og er blitt ei større belasting enn folk klarer. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Fleirtal i folket seier dei støttar koronatiltak

Nesten ein av fire, 23 prosent, meiner tiltaka til styresmaktene mot koronasmitte er for strenge, men eit fleirtal på 62 prosent er usamd.

Det kjem fram i Norsk koronamonitor frå Opinion.

Når spørsmålet er om påkjenninga for det norske folket har vorte for stor til at tiltaka til styresmaktene for å avgrense koronasmitte kan forsvarast, svarer 23 prosent bekreftande. Det er like mange som meiner tiltaka er for strenge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit fleirtal på 53 prosent er usamd i at påkjenninga no har vorte for stor.

– Trass høgt tiltaksnivå og byrde for svært mange, blir det å framstille folk flest som motstandarar av tiltak feil, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

Ho seier at folk flest er villig til å gå langt for å unngå at pandemien forverrar seg, sjølv om det har sin pris. Eit solid fleirtal av dei yngre støttar òg tiltaka, sjølv om nettopp dei merkar byrda mest.

I ei måling gjort av Helsedirektoratet og publisert i VG onsdag kjem det fram at 59 prosent støttar tiltaka som er sett inn, og her er støtta lågast i den yngste aldersgruppa. På fire veker har tilliten sokke frå 70 prosent.

(©NPK)