Tingingane frå nordmenn som vil leige hytte i eige heimland er på rekordnivå. I haustferien er veksten over 20 prosent. Illustrasjonsfoto: Novasol.

Fleire nordmenn på norske utleigehytter

Grunna reiserestriksjonar og smittefrykt blir det få utanlandske turistar på norske utleigehytter i haustferien i år. Men nordmenn blir det rekordmange av.

– Bestillingane frå nordmenn har auka med over 20 prosent for haustferien i veke 40 og 41, samanlikna med same periode i fjor. Likevel blir det færre hytteturistar samla sett, fordi talet på utanlandske gjester minkar, seier Pia Buen i Novasol, Europas største hytteutleigar, i ei pressemelding.

Utlendingane står vanlegvis for den største delen av bestillingane. No er desse halvert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Novasol har rundt 1.700 norske hytter under forvaltning. I haustferien ser belegget på desse førebels ut til å bli rundt 30 prosent lågare enn i fjor.

– Men trenden dei siste vekene har vore svært positiv, med auke i tingingane frå norske gjester på over 100 prosent. Mange tingar seint, så situasjonen ser stadig betre ut, seier Buen.

Rundt 50.000 turistar ferierer på Novasols norske utleigehytter årleg. Besøksvolumet svarar til om lag 400.000 gjestedøgn.

– Den langsiktige trenden er at denne ferieforma aukar i heile Europa. Derfor ønskjer vi å kunne tilby fleire hytter i Noreg. Mange har kjøpt fritidsbustad i år, og utleige kan bli ei god inntektskjelde i periodar då hytta elles ville stått tom, seier Pia Buen.

(©NPK)