Flaum stenger Stardalsvegen

Fylkesvegen mellom Klakegg og Fonn er stengd grunna flaum. Det vil bli teke ny vurdering av situasjonen i morgon tidleg.

At Stardalselva går inn på vegen på denne staden er eit årleg fenomen ved flaum, og fører til stenging av vegen.

Flaum i Stardalen: På denne staden, rett før Heggheim og Grepstad går elva ofte over vegen. Fotoet er frå same dato i 2018. Foto: Hallstein Dvergsdal