Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB / NPK

FHI vil sende ut fire millionar SMS-ar om Smittestopp

Onsdag og torsdag skal Folkehelseinstituttet sende ut tekstmeldingar til alle over 16 år om appen Smittestopp.

Appen vart utvikla for å vere eit verktøy i pandemien og har vorte lasta ned 1,1 millionar gonger. Talet på personar som melder seg smitta i appen, har auka kraftig dei siste vekene.

– Vi forventar ein betydeleg smitteauke i vekene framover, og den enkelte skal no i større grad seie frå om smitte til nærkontaktane sine. Ved å melde frå gjennom Smittestopp oppnår du i tillegg at nærkontaktar du ikkje kjenner til får beskjed. Og du får sjølv beskjed dersom du har vore i nærleiken av nokon som er smitta, seier direktør Camilla Stoltenberg i FHI. (©NPK)