Avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet Line Vold på ein pressekonferanse om koronasituasjonen. Foto: Lise Åserud/NTB scanpix/NPK.

FHI: Vi er ikkje inne i bølgje nummer to

Avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet seier dei ikkje ser teikn til ei ny smittebølgje i Noreg.

Vold seier at trenden med at smitta aukar, held fram denne veka, og at mesteparten av smitten kjem frå utanlandsreiser.

– Det er mange som spør om vi ser ei ny bølgje, det gjer vi førebels ikkje. Men auken av lokale smittetilfelle er venta. Sjølv om det er lokale utbrot, ser vi inga ukontrollert spreiing, seier Vold.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)