Hovudårsaka til at vi gir denne tilrådinga, er at det vil sikre pasientar med apekoppar viktige rettar, opplyser assisterande direktør Geir Bukholm i FHI. Foto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

FHI tilrår at apekoppar blir definert som allmennfarleg smittsam sjukdom

Folkehelseinstituttet har tilrådd at Helse- og omsorgsdepartementet vurderer om apekoppar skal klassifiserast som allmennfarleg smittsam sjukdom.

– Hovudårsaka til at vi gir denne tilrådinga, er at det vil sikre pasientar med apekoppar viktige rettar så som gratis konsultasjon, testing og behandling, seier assisterande direktør Geir Bukholm i Folkehelseinstituttet (FHI) i ei pressemelding.

På bakgrunn av tilrådinga har Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) fredag sendt ut eit forslag på høyring om å endre forskrift om allmennfarlege smittsame sjukdommar, slik at apekoppar blir klassifisert som ein allmennfarleg smittsam sjukdom, opplyser departementet fredag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forslaget byggjer på helsefaglege og smittevernfaglege tilrådingar frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet. Det er opp til departementet å ta den endelege avgjerda.

Departementet har sett ein forkorta høyringsfristen på to veker. Årsaka er at ein ordinær høyringsfrist på tre månader vil høgst sannsynleg få negativ betydning for utbrotshandteringa, skriv Helse- og omsorgsdepartementet.

Hittil har 63 personar fått påvist apekopar i Noreg, ifølgje ferske tal frå FHI.

Viss sjukdommen blir klassifisert som allmennfarleg etter smittevernlova, gir det rett til gratis testing, behandling og vaksine.

– I Noreg har talet på smittetilfelle vorte høgare i sommar. Målet er å stoppe utbrotet og førebyggje at apekoppar etablerer seg i Noreg, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad i ei pressemelding.