Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

FHI: Ny koronabølgje kan vere på veg

Funn av koronavirus i avløpsvatn og fleire innleggingar kan vere tidlege teikn på ei ny bølgje med covid-19, ifølgje Folkehelseinstituttet.

– Covid-19-epidemien er på eit lågt nivå, men dei siste vekene har vist ein auke i nivået av SARS-CoV-2 i avløpsvatn og noko auke i innleggingar. Dette kan vere tidlege teikn på starten av ei ny bølgje, skriv FHI i vekerapporten sin.

Kva virusvariantar som dominerer, og immuniteten i befolkninga avgjer når ei bølgje kjem, og kor stor ho blir. Den vanlegaste koronavarianten i Noreg no er ein omikronvariant som har ført til smitteauke i andre land der han dominerer, ifølgje rapporten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei ber sjukehus og kommunar vere førebudde på at det kan komme ei ny smittebølgje, samtidig som den vanlege influensaepidemien kan vare nokre veker til. Sistnemnde kan ha fått ekstra godt feste ved hjelp av vinterferien.

Talet på innlagde med luftvegsinfeksjon er på same nivå som vintrane før pandemien. I veke 9 vart 73 nye pasientar innlagde med covid-19 som hovudårsak. 121 pasientar vart innlagde på grunn av influensa.

Influensavaksinane ser ut til å verke godt mot innlegging. Sidan epidemien kjem til å vare nokre veker til, vil FHI at uvaksinerte i målgruppene framleis skal vaksinere seg.

Dei vanlege smitteråda gjeld som før: Halde seg heime når ein er sjuk, hoste rett og vaske hender. Ta som alltid ekstra omsyn til folk i risikogrupper, rår FHI.

(©NPK)