Ifølge Rukke er den beste vennen til lusa at vi brukar lusekammen for sjeldan. Den offisielle tilrådinga er å sjekke minst éin gong i månaden. Foto: Erik Johansen/NTB scanpix/NPK.

FHI: Hugs årets lusesjekk sjølv i smitteverntider

Det er tid for den halvårlege nasjonale lusesjekken i helga, sjølv om delen lusehovud kan vere redusert etter eit halvt år med mindre samvær og fysisk kontakt.

Forsking frå 2008 og 2018 viste at 1,7 prosent av barneskulebarn i Noreg hadde hovudlus i eit augneblinksbilete, med andre ord har talet halde seg ganske stabilt over ein tiårsperiode.

Men hovudlusas lykkelege levekår og vidareføring av arten føreset at vi lèt dei vere i fred – og at vi stikk hovuda saman.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi veit ikkje noko sikkert om korleis koronaen har endra hovudlusførekomsten i Noreg, men det er grunn til å tru at når ein treffer færre og held avstand, så går spreiinga ned. Lusa krabbar frå hovud til hovud, så hårstrå på ulike hovud må komme i direkte fysisk kontakt for å få smitte. Lus kan verken hoppe eller haike med ein gjenstand over til eit anna hovud, seier forskar og hovudlusekspert Bjørn Arne Rukke i seksjon for skadedyrkontroll ved Folkehelseinstituttet til NTB.

Auka sal

Kommunikasjonssjef Jostein Soldal i Apotekforeningen seier at det er vanskeleg å seie noko sikkert om omfanget av luseproblem basert på sal av lusemiddel, sidan midla blir brukte mot andre plager òg, i tillegg til at kjøp av lusefjerningsmiddel ikkje nødvendigvis speglar av førekomst. Han vil likevel ikkje bli overraska om det har vorte mindre lus no.

– Omsetninga av lusemiddel til no i år ser ut til å vere redusert med opp mot 30 prosent samanlikna med same periode i fjor, seier han, og legg til at Linicin er det mest brukte produktet.

Linicin er eitt av midla som verkar mekanisk på lusa, slik at hovudlusa ikkje kan utvikle resistens mot denne typen produkt.

– Stengde skular, mindre fysisk kontakt mellom barn og mindre klemming kan sikkert ha medverka til at lusa har hatt vanskelegare kår tidlegare i år, seier han.

Særleg karanteneperioden i mars og april kan ha hatt ein effekt, noko FHI er samde i.

– Ja, lusa kunne trass alt ikkje krabbe bort til nabohuset, men det betyr nok ikkje at vi er kvitt lusa, og vi oppmodar på det sterkaste til å sjekke barna og resten av familien for lus i helga, seier Rukke.

Lusas beste venn

Ifølgje Rukke er den beste vennen til lusa at vi bruker lusekammen for sjeldan. Den offisielle tilrådinga er å sjekke minst éin gong i månaden, men det kan bli ei utfordring for mange. I undersøkinga i 2018 vart det spurt kor ofte foreldra sjekka husstandsmedlemmer for hovudlus. Berre 23 prosent av husstandane gjorde det kvar månad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi oppmodar til å i alle fall bli med på den halvårlege lusesjekken. Dersom alle sjekkar og behandlar seg for lus på same tidspunkt, vil det bidra til å redusere hovudlusbestanden over tid, påpeikar han.

Foreldre eller føresette som oppdagar lus, bør varsle skulen eller barnehagen. Også foreldre til dei næraste vennene av barnet bør få beskjed, slik at også barna deira kan bli sjekka og eventuelt bli behandla for lus. (©NPK)