Det er framleis fare for at koronapandemien kan komme ut av kontroll det neste halvåret, meiner FHI. Foto: Jil Yngland/NTB/NPK.

FHI: Framleis frykt for at koronapandemien kjem ut av kontroll

Dei neste seks månadene er det framleis fare for at koronaepidemien kan komme ut av kontroll, ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI).

Smittespreiinga i Noreg er stabilt høg, men med store lokale variasjonar, heiter det i den siste risikorapporten frå FHI. Samtidig ser den sterke auken i talet på melde tilfelle og sjukehusinnleggingar ut til å minke.

– Dette kan vere ein byrjande effekt av dei nye tiltaka frå slutten av oktober og byrjinga av november, seier direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Situasjonen er likevel ustabil med fare for ny auke, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Men det er lite sannsynleg at vi får ei nasjonal bølgje av akselererande spreiing, ifølgje rapporten.

– Vi reknar med at kommunane klarer å unngå situasjonar med akselererande spreiing som truar kapasiteten i helsetenesta, seier Stoltenberg.

Men enkelte kommunar, særleg i Oslo-området, vil mest sannsynleg ha eit vedvarande høgare nivå gjennom vinteren, trur FHI.

Samtidig må kommunane elles i landet oppdage og raskt få kontroll på det som kjem av utbrot.

(©NPK)